Nedkøyringa går i open småskog der dei fleste vil oppleve god meistring. Turen startar på fjellgarden Tjørnaland. Her får du kjensla av å oppleve ein stad ”der ingen skulle tru at nokon kunne bu”. Fjellgarden er framleis i drift, og den kronglete vegen opp er ei oppleving i seg sjølv. 

Tilkomst/parkering: Frå Viksdalen sentrum følgjer du fv13 vidare mot Indre Eldalen. Her tek du av til ein privat gardsveg som går opp til Tjørnaland. Det er om lag tre kilometer opp til fjellgarden på 585 moh. Parkering finn du på gardstunet etter avtale med grunneigar. Vegen opp er bratt og du bør helst ha firehjulstrekk på vinterføre.

Ruta går i flatt terreng mot vest frå gardstunet og du passerer vatnet Stølstjørna på sørsida. Der er ei bru over elva like sør for vatnet. Deretter går du mot nordvest i eit lett kupert parti, før du svingar opp ryggen som fører opp til toppartiet. Slettheia er den vestlegaste av dei to toppane her.