Det er ikkje mange haugar i Noreg som har utsikt som kan måle seg med Middagshaugen. Denne turen kan gjerast som rundtur frå Berge til Horpedal eller motsatt.

Gå ned vegen forbi toalettbygget på rasteplassen, og vidare ned mot nærmaste gard. Ved første sving går du vegen vidare opp til brua som kryssar riksvegen. Gå inn Bessdalen langs sommarstien. Etter ein god kilometer tek du nordover og følgjer sommarstien til Horpedal via Endrestølen. Når du kjem opp på myrene, kring 700 moh, skrår du mot vest og siktar deg inn på midten av ryggen mellom Skredfjellet og Middagshaugen. Ta slakaste vegval opp austsida for å komme opp på ryggen. Opp på ryggen går du sørover til toppen av Skredfjellet. Gå attende på ryggen og vidare opp på Middagshaugen. Ein alternativ veg opp er frå Horpedal via Endrestølen (29.3 side 152) og opp på Middagshaugen. 

Austflanken på Middagshaugen gir flott nedkøyring. Flanken byrjar 250 meter sør for toppen av Middagshaugen og går ned austsida mot Gamlestølskrærne. Skli vidare frå Gamlestølskrærne og sørover myrene til nedfarten til Bessdalen som startar kring 700 moh. Her er det open og fin skog ned til sommarstien i Bessdalen. Følg denne ned til Berge. Alternativ nedfart til Horpedal via Endrestølen (sjå 29.3 side: 152). Følg sommarstien til Endrestølen og ned til Horpedalen.