Etter å ha passert Vasskaret ser du lite til sivilisasjonen mens du går i trolsk natur inn mot Skjorta og dei andre fjellmassiva rundt Breimsvatnet i Nordfjord. Frå toppunktet ser du ut over store deler av Sunnfjord, Nordfjord og fjellheimen rundt. Du kan og velje å gå vidare på ryggen mot nord for å nyte utsikta over Breimsvatnet. Turen byr også på artige nedkøyringar, og frå Vasskaret kan du velje ulike ruter ned til både Helgheim og Hus.  

Tilkomst/parkering: Frå Førde følgjer du E39 langs nordsida av Jølstravatnet. Ta av ved Helgheim kyrkje og parker bilen her. Seint på våren kan du køyre opp bomvegen i Helgheimsdalen, eller bomveg nærmare Skei mot Husstøylen. Fordel med høg bil med firehjulstrekk.

Frå kyrkja går du vest over brua på E39 og deretter opp dyrka mark til det øvste gardsbruket på vestsida av Helgheimselva. Følg så skogsvegen mot Helgheimsdalen til endes. Du passerer Helgheimsstøylen på veg opp i Vasskaret. På grunn av skavldanningar passerer du skaret på austsida ved Brekkefjellet. Du siglar ned mot Vasskarvatnet og går i nordleg retning mot Tverrlivatnet. Dette passerer du på vestsida når du går mot foten av den breie og sørvende ryggen.Herifrå følgjer du ryggen vidare opp til terrenget flatar ut det siste stykket mot toppunktet på 1472 moh.