Dersom ein ønskjer å komme seg vestover eller austover denne ryggformasjonen krev det klatring. For å komme til startpunktet til nordflanken på Skjerdingane og nordaustflanken på Skjerdingane er den lettaste tilkomsten frå Anestølen via Haugabotn.

Frå Anestølen går ein 2,5 kilometer inn i Langedalen og tek vest opp i Haugabotn. Ein startar oppturen der nordrenna til Lammanipa kjem ned i Haugabotn, herfrå dreiar ein svakt vestover oppover. Følg det slakaste terrenget oppover. Kring 1100 moh delar oppturen seg i to. Den austlege varianten går til nordflanken og den vestlege varianten går til nordaustflanken.   

Nordflanken til Lammanipa ligg nordvest av nordrenna på Lammanipa. Startpunktet er ved ein liten pinakkelformasjon (omlag 1,5 meter høg) på ryggen. Nedturen går i eit alpint landskap. Det er fleire konvekse parti i denne sida og terrenget vender etterkvart meir nordaustleg.