For å komme til Skjerdingane 1520 moh går ein opp sidedalen ved Tungelvi og oppi skaret vest av Skjerdingane 1520 moh. Frå parkeringsplassen ser ein tydeleg den alpine nordryggen og nordaustrenna frå Skjerdingane 1562 moh. Frå Frudalstunnelen er ein stor del av turen til Skjerdingane 1520 moh skjult av nordryggen på toppen. Denne smale og alpine nordryggen er forøvring ei av dei mest eksponerte skilinjene som er køyrt i Sogndalsdalen. Dersom ein ønskjer ein lengre tur kan ein frå Skjerdingane 1520 moh ta sør-/sørvestflanken ned til Styggebotnvatnet 1048 moh og vidare opp på Gunvordalsbreen, 1604 moh. For meir informasjon om denne turen sjå oversiktsbilete for tur 9 og 10. Ryggen mellom Skjerdingane 1520 moh og 1565 moh er farbar. Den er av alpin karakter og ein bør ha med isøks og stegjern for å gå denne.  

Gå inn Frudalen på sørsida av elva forbi Storsteinen og kryss Botnelvi. Ta opp den nordvestvende flanken som går opp i sidedalen mot Skjerdingane. Fortsett inn dalen til foten av den austvende breen. Drei søraustleg inn på ein svak ryggformasjon og følg denne oppover til omlag 1200 moh. Når nordsida blir slakare dreiar ein litt austleg, slik at ein kjem opp i nordrenna og opp i skaret vest av toppen. Frå skaret følgjer ein sørvestryggen opp til Skjerdingane 1520 moh.  

Frå toppflanken av Skjerdingane er det ei sør/sørvestside med utsikt mot indre del av Laugadalen. Følg denne og skrå tilbake til skaret der ein kom opp. Frå skaret startar nordsida med ein smal og brattare inngang. Nordflanken kan avsluttast med ei brattare direkte linje enn oppturen. Nordflanken flatar ut kring 1120 moh. Frå kring 1100 moh og ned til 1000 moh er det brattare. Når ein kjem ned i hengjedalen følgjer ein same rute som oppturen ned i Frudalen.