I høgfjellet går ofte dei finaste linjene over brear, og den fine kremtoppen ligg gjerne i enden av jøkulen. På breane ligg snøen best og lengst, og her er skibakkane oftare jamne, fine og slette grunna det plastiske underlaget. Mange av turane og linjene i Hurrungane går over brear, og sjølvsagt brefallturane i Jostedalen. Eit storslått alpint terreng er ikkje komplett utan den evige isen som ein x-faktor, og å stå på ski ved, og gjennom istårn og sprekker får blodet til å bruse i skrotten. Ein kjem ikkje utanom breane, om ein ikkje vil gå rundt! Skiturar på snødekt bre skil seg frå fotturar på to vesentlege punkt. Med ski har ein større bereflate over snøbruene og sjansen for å gå gjennom er mindre. Men når ein fyrst går gjennom med ski, er det óg meir sannsynleg at ein fer ned i sprekka, for holet vert større. Ein annan faktor som tel inn positivt er at ein som regel har høgare fart nedover breen med ski på beina. Då kan ein krysse snøbruer utan å måtte påføre full kroppsvekt. Ski er også ein mogeleg risiko fordi rutevala må takast kjapt om ein køyrer vanleg snøgt nedover i sprekkterreng. Dette gjer det likevel vanlegare å sjå skilauparar som går utan tau på snødekt bre, enn brevandrarar utan ski.

Konsekvensen av å knekke gjennom ei snøbru og ned i ein sprekk utan sikring er derimot den same med og utan ski. Breisen og sprekka er potensielt både djup, glatt, hard, trang og kald. Det vil seie at den som fell i ein sprekk må rekne med at ein fell langt ned, at ein slår seg, og til slutt sit godt fast og frys i nærkontakt med isen der nede i skuggen. Eit fall i «feil» bresprekk utan tau kan fort vere fatalt, om ein ikkje slår seg ihel, frys ein ihel. Derfor er gode tilhøve og gode vegval det mest avgjerande når ein skal gå ein bretur med ski. Gode vegval på bre lærer ein på eit brekurs og enkelte alpinkurs. Det er naudsynt med erfaring og/eller kursing for å kunne gjere ein enkel eller komplisert bretur trygg nok. 

Snømengde og tilhøve må vere rett. Ein vil ha mest mogeleg snø over sprekkene og at snøen er omdanna gjennom førefall i meir eller mindre grad. Ein må vere ute i rett tid i høve til solsmelting for at tilhøva skal vere trygge, det vil ofte seie svært tidleg start på natteskare. Vinterstid før førefall er det større sjansar for at snøbruer knekk. Nokre av breturane som er omtala i boka kan berre sjeldan gjerast trygt og i god stil. Som regel er tilhøva best i starten av april og utover mot midten av mai.