Den populære turen gir ei variert oppleving i dette vakre fjell- og dalføret.  Turen startar mellom steile fjell og djupe dalar med ei bratt oppstigning frå Jølstersida. Terrenget vert lettare kupert vidare til Longevasshytta som er ei sjølvbetent DNT-hytte. Her kan du ta ein pause og nyte hyttelivet før du tek fatt på siste etappe i eit meir ope og oversiktleg landskap mot Naustdal.

Tilkomst/parkering: Du køyrer E39 til Årdal i Jølster og held fram opp Årdalsdalen på vestsida av Årdalselva. Det er skilta toppturparkering med parkeringsavgift der bomvegen startar. Du kan òg køyre litt vidare til parkeringsplassen for lysløypa (parkeringsavgift). For å komme til Nes, køyrer du fv512 frå Naustdal til Nes, og tek av mot Vonavatnet. Vegen mot Vonavatnet er vanlegvis brøytt til opparbeidd parkeringsplass, som er utgangspunkt for oppkøyrde skiløyper vidare til Vonavatnet.

Frå parkeringa følgjer du skogsvegen på vestsida av ­Årdalselva og kryssar elva på brua før Dalevatnet. Fortset langs austsida av Dalevatnet til du kjem til Legestøylen. Gå nordover til du kjem opp i ein botn, og drei deretter litt vest på nordsida av Såtehaugen før du følgjer ryggformasjonen i nordleg retning mot Stigsvatnet og passerer høgde 803 moh. på vestsida. Etter Stigsvatnet dreier du gradvis mot vest og fortset over ­Vassvendevatnet til Longevasshytta.