Fjellkolossen byr på oppstigningar frå fleire kantar, og serverer så mange ulike og varierte nedkøyringar at du på toppen kan få valets kvalar når du skal finne det beste sporet ned att. Det gjer Sandfjellet til ein topp der du kan velje nedkøyring etter kva vêr det har vore i dei ulike himmelretningane. Sandfjellet er godt besøkt av puddersvoltne skikøyrarar. Likevel kan du finne mykje urørt snø her! Vi har tatt med eit utval ruter frå begge sider. 

Tilkomst/parkering: Naustdal: Frå Naustdal følgjer du rv5 mot Florø. Ta av til ­høgre mot fv512, skilta mot Nyheim rett før Naustdalstunnelen. Følg fv512 vidare mot Nes. På Fimland tek du av fylkesvegen og køyrer privat veg skilta mot Øygard. Her er det rydda parkeringsplass før siste gardstun. 

Frå Sørebø følgjer du skogsvegen til endes forbi Rabben. Kryss deg oppover skogen nær elvesøkket, og sving etter kvart austover opp mot ryggen. Frå ryggen går du rett sørover opp fjellsida i retning mot toppunktet. Følg naturlege små ryggar i terrenget oppover.