Nordaustflanken på Salen gjev fin skikøyring ned i Frudalsbotnen. Nordsida av fjellmassivet gjev god utsikt til fjella i Fjærland, og går ein bort om Vikaeggene får ein god utsikt til Fjærlandsfjorden. Det går ein austleg alpin rygg med 20 meter klatring frå salpunktet og opp austryggen til toppen, om ein ønskjer ein alpin opptur. Ein alternativ opptur er frå Bjåstad ved Fjærlandsfjorden via Kløvingahaugen (32.1)  og vidare opp Nonsskareggi via Vikaeggene til toppen. 

Gå inn Frudalen på sørsida av elva forbi Storsteinen og kryss Botnelvi. Ta opp den nordvestvende flanken som går opp i dalen. Når ein kjem opp i hengedalen fortsett vest opp på den austvende breen. Kryss opp sørsida av Salen til salpunktet. 

Frå Salen kan ein ta ein alpin variant til Bjåstadbreen 1602 moh med å følgje austryggen. Ryggen blir gradvis brattare. Etter kvart må ein ta av skia. Ved omlag 1400 moh kjem ein passasje der ein kryssar ei renne og klatrar opp ein hammar på omlag 20 meter. Når ein når 1500 moh kan ein ta på skia igjen.