Dette til trass for at fjellet kan by på fine snøforhold, bratt nedkøyring og lang vårsesong. Under oppstigninga langs Aksla har du den tronge Kjøsnesfjorden i bakgrunnen, som legg til rette for tøffe fotomotiv både på veg opp og ned. 

Tilkomst/parkering: Ta av E39 ved Helgheim kyrkje og parker bilen her. 

Frå kyrkja går du vest over brua på E39 og går deretter opp dyrka mark til det øvste gardsbruket på vestsida av Helgheimselva. Du følgjer deretter skogsvegen (bomveg) mot Helgheimsdalen. Der vegen flatar ut, legg du sporet mot den austlege fjellryggen, som du følgjer vidare opp mot toppen.