Vi vel å beskrive denne varianten. Av dei verkeleg lange bakkane i Sogn er denne ein av dei enklast tilgjengelege, om isen på vatnet er trygg å gå over. Det er likevel sjeldan å gå opp denne noko skredutsette, bredekte og svære sida, spesielt om vinteren. Denne direkteruta kan ein også gå mot Hest, men vi rår til å berre bruke ei rute direkte frå vatnet på trygg snø og mykje snø grunna bresprekker, skog og hamrelag nede mot vatnet.

Gå vegen til dammen, slepp deg ned på vatnet og gå over mot Hesthaugsmarki og opp slakaste veg skråande nordover. Her kan det vere eit herk å gå! Eventuelt kan ein gå meir direkte rett sør for Hesthausva og tråkle seg opp her. Deretter inn på ryggen sør for Kvitesandsgrovi og følg ryggar til breen rett nord for ryggen på Hest. Breen kan vere bratt i fronten og dermed vere oppsprukken her. No følgjer 400 høgdemeter med jamnt breterreng til topps. Ver obs på sprekker i konvekse formasjonar.