Om du går rundturen i lyse og klåre vårnetter, kan du oppleve ein fargefest av dei sjeldne når sola bikkar over den snødekte horisonten. Frå toppen av Bjørga ventar ei nedkøyring som under gode snøforhold er ein draum på fjellski.

Tilkomst/parkering: Følg E39 frå Førde til Skei. For å kome til Stardalen følgjer du E39 vidare til Klakegg, der du tek av mot fv453 som er skilta Stardalen. På Lyngstad tek du av mot Befring. På den lange strekninga på Befring tek du av mot skogsvegen som går opp austsida av Befringselva. Tidleg på sesongen finn du parkering ved kraftstasjonen, eller ved bommen eit kort stykke opp skogsvegen. På grunn av teleløysing er vegen til Befringsstøylen ofte stengt om våren. Om den er open kan du mot bomavgift køyre til toppen av Befringsbakkane (600 moh.) der det blir rydda parkering. 

Denne ruta frå Befring til Kvannebakknova er av dei vanlegaste og tryggaste vegvala opp på Jostedalsbreen, ettersom den nordvende oppstigninga ligg skjerma frå vårsola. Dersom vegen er brøytt til Befringsstøylen er anmarsjen relativt kort. Du følgjer skogsvegen heilt opp til parkeringa ved kraftdemninga. Frå parkeringa går du mot Befringsstøylen og vidare søraust mot Skaret og Strupen. Frå Strupen går du i sørvestleg retning via ryggformasjonen eit stykke opp mot Kvannebakknova. Før det brattaste henget under toppen traverserer du sørover i sida under Kvannebakknova, mot Snoadvarden. Innsteg på breen er i dette partiet. Ved Snoadvarden kan du runde opp på Kvannebakknova der du finn hytta Kvannebakkbu. Denne ligg like nord for Snoadvarden.