Turen gir ei flott og variert totaloppleving. Naboane er også verdt ei vitjing.

Hurrungane

Området: Hurrungane har lenge blitt rekna for å vere fjellsportens vogge. Her har folk drive med alpin klatring lenge. Bratte nedkøyringar på ski har òg vorte praktisert i dette området lenge før aktiviteten auka i omfang kring tusenårsskiftet. Slik sett er det naturleg at Hurrungane vart ein ynda stad for å drive den alpine skiferdsla vidare. Dei fleste alpine klatreruter på snø og is har blitt køyrde på ski. Her finst eit utal av bratte renner, store flankar og fleire av turane går på eller i samband med brear.

Ver, snø og sesong: Veret kan vera hardt i Hurrungane. Dei fyrste skiturane om hausten før Sognefjellet stengjer kan ofte starte i oktober på Fanaråkbreen. Sjølv om Hurrungane ofte er snøfattig og forblåst i dei fyrste vintermånadene, kan ein finne tilhøve for skiturar her heile året. For dei fleste startar likevel skisesongen i Hurrungane frå påsketider, med høgsesong i mai månad. Då er normalt snøtilhøva meir stabile og dagane lengre.

Kart: Norge-serien kartet Bygdin 1:50000, dekker heile Hurrungane-området som er skildra. Det finst også eit 1:25000 kart som dekker Hurrungane.

Komme dit: Før Sognefjellet og Tindevegen opnar, kjem ein til Hurrungane gjennom Sogn. Frå Sogndal omlag 1 time og 15 minutter til Turtagrø. Sogndal lufthamn, Haukåsen ligg 20 minutt frå Sogndal sentrum. Det går dagleg fleire avgangar ekspressbussar frå Oslo og Bergen og det er hurtigbåt frå Bergen. Frå Sogndal er det dårlig med offentleg kommunikasjon før sommaren. Elles frå Lom over Sognefjellet til Turtagrø (opnar normalt  1. mai helga), eller via Årdal og Tindevegen (opnar normalt omlag ei veke ut i mai).

Årleg skiarrangement: Toppturfestivalen High Camp i mai (highcamp.no)

Overnatting: Tradisjonsrike Turtagrø hotell (turtagro.no) er det beste utgangspunktet. Det er óg vanleg å telte ved hotellet. Sognefjellshytta og Krossbu på austsida av Sognefjellet er alternativ. Ein kan også bu nede ved fjorden (sjå sognefjord.no).  

Guiding: Norgesguidene (norgesguidene.no) samarbeider med Turtagrø Hotell.  

Butikkar: Næraste butikk er i Fortun, 10 km frå Turtagrø.