Orkja er næraste nabo til det meir kjende Olahansfjellet, men enno er det få som nyttar seg av dei noko brattare og leikne linjene fjellet har å by på. Turen er kort, gir effektive høgdemeter og fin skikøyring. Fjellet Orkja er opp gjennom tidene mest kjent for større skred, der det siste store gjekk i 1959. I 1862 drukna to born då eit ras frå Orkja førde til ei stor flodbølge i Jølstravatnet (Fylkesleksikon, Sogn og Fjordane). Ei regle i Jølster seier at «Orkja skal brotne, Helgheimskyrkja flotne, Sandneset skal forgå, men Øvreåsen bestå». 

Tilkomst/parkering: Frå Vassenden køyrer du inn på fv451, Nikolai Astrups veg, som er skilta mot Kjøsnes og Astruptunet. Frå Skei køyrer du rv5 til Kjøsnes og tek av inn på fv451 der det er skilta mot Vassenden og Astruptunet. I Hamnen tek du av mot vegen skilta til Dvergsdalsdalen. Følg vegen fram til sandtaket som ligg like før du kjem opp i sjølve Dvergsdalsdalen. Du kan parkere ved sandtaket. 

Turen startar kring 100 meter sør for sandtaket. Gå mot vest opp lauvskogen og følg opningane i skogen.  Du dreiar gradvis mot nordvest og følgjer ein ryggformasjon aust for dei bratte hamrane. Når terrenget flatar ut svingar du mot vest og rundar deg opp mot toppen.