Første helga i januar 2017 ryktast det at det var like mange menneske på toppen her som på kafé i Førde same dag. Det er ikkje utan grunn. Med starthøgde på omlag 450 moh. i eit snørikt område er det mange som startar skisesongen her, nokre allereie om hausten, i den godt beskytta austvende sida. Dessutan har ein lokal toppturentusiast lagt ned ein enorm innsats med å rydde fleire flotte traséar gjennom bjørkeskogen. Vêret kan snu fort på Olahansen, men det er likevel ein tur mange tar om kvelden eller på ruskevêrdagar der sikta er for dårleg for lengre toppturar. Lurer du på det særeigne namnet? Det seiast at det kjem frå to karar frå Myklebust som heitte Ola og Hans. Under sauesanking møtte dei skodda, og gjekk seg utfor ein hammar og slo seg i hel. Heldigvis har mang ein skikøyrar komme heilskinna heim etter denne fine turen.

Tilkomst/parkering: Frå Vassenden køyrer du inn på fv451, Nikolai Astrups veg, som er skilta mot Kjøsnes og Astruptunet. På Myklebust tek du av mot Dvergsdalsdalen og køyrer langs den kommunale vegen til du kjem fram til bommen for vegen inn mot Myklebuststøylen. Her er det tilrettelagt toppturparkering. Frå Skei køyrer du rv5 til Kjøsnes og tek av inn på fv451 der det er skilta mot Vassenden og Astruptunet. Vidare tek du av mot Dvergsdalsdalen og køyrer langs den kommunale vegen til fram til toppturparkeringa.

Du følgjer vegen inn mot Myklebuststøylen til det flatar ut om lag 300 meter før stølen. Her tek du av i sørvestleg retning opp ein rydda trasé og vidare opp mot ryggen. Hald litt mot venstre for å unngå parti over 30 grader. Ryggen fører fram til varden på toppen av austryggen. Varden ligg ved det vesle fjellvatnet og er eit flott utkikkspunkt. Herifrå kan du gå vidare vestover mot toppunktet på 1162 moh., eller sørover mot toppunktet 1215 moh. Begge desse toppane vert omtalt som Olahansfjellet.