Frå toppane ser du utover Haukedalsvatnet mot sør, og i vest ligg Holsavatnet og fjellpartia rundt. Sidan du kan spenne på deg skia ved bilen på vel 500 moh., vil turen vere snøsikker frå tidleg i sesongen. Dei sørvende sidene frå Rimmane sikrar deg sol på pudderrike dagar i dei kalde vintermånadane. Terrenget er variert og har fleire ulike nedfartar som byr på leiken skikøyring. 

Tilkomst/parkering: Parkeringsplass finn du på toppen av Rørvikfjellet, 100 meter frå Rørvik fjellstove i retning Førde. 

Frå parkeringa går du nordover til du passerer Fjelltjønna, og deretter går du eit lite stykke nordaust mot ryggformasjonen du skal følgje vidare i nordvestleg retning. Når terrenget vert ­slakare, legg du sporet nordover mot toppen av fjellrekka og deretter austover mot Ørnafjellet på 1209 moh.