Nystølsfjellet kan vere ein del av ein rundtur der ein kjem frå Gunvordalen (11.1, sjå side 63) og endar i Frudalen. Frå Frudalen kan ein fortsette via Frudalsbreen til Berge i Fjærland. Frå parkeringa i Frudalen er den kortaste vegen til Nystølsfjellet opp nordsida/-ryggen frå Frudalen.  

Frå parkeringa ved Frudalstunnelen kryssar ein riksvegen og går over ei bru før tunnelen. Følg nordsida av Frudalselvi vestover. Etter ein kilometer finn ein det slakaste terrenget i nordsida. Følg den slakaste delen av nordsida. Når ein kjem høgre opp i nordsida fortset ein opp flanken på ein ryggformasjon. Denne ryggformasjonen kjem opp på Toggaryggen i lågaste punktet mellom høgde 1340 moh og det bratte partiet aust av Nystølsfjellet (11.1). Følg ryggen ein kilometer til toppunktet på Nystølsfjellet 1435 moh. Delar av denne ryggen kan til tider vere smal og krev stegjern og isøks. Oppturen kan også gjerast via Togga 1205 moh og vestover ryggen til Nystølsfjellet.

Inngangen er rett aust av toppen. Den øvste flanken er den brattaste og går ned til ein stor nordbolle. I denne bollen er det litt småterreng.