Det er to oppturar og to nedfartar på Nystølsfjellet. Den vanlegaste vegen er opptur via Togga, men ein kan også nytte nordsida frå Frudalen (11.3, sjå side 76). Nedfartane er søraustsida ned til Laugadalen og ned nordsida til Frudalen (11.4, sjå side 76) Dette gjer til at ein kan nytte Nystølsfjellet i ein rundtur. Sørsida ned til Laugadalen er krevjande på fleire måtar. Terrenget er eksponert med klipper, stup og det er ei bratt trong renne ein må gjennom for å komme seg ned i dalen.  

Bruk oppturen 13.1 til Togga 1205 moh frå parkeringa. Frå toppen av Togga følgjer ein ryggen vestover (12.1) ein kilometer til ein kjem til Togga 1340 moh. Der møter ein eit smalt, bratt og eksponert parti på ryggen som er omlag 400 meter langt (11.1). Ofte må ein ta av skia for å komme over dette partiet. Etter dette alpine partiet blir ryggen breiare og ein kan gå på ski til toppen. Frå parkeringa er det 5 kilometer til Nystølsfjellet.

Frå toppen av Nystølsfjellet sklir ein søraust til kring 1200 moh. Eit brattare parti fører ein ned i ein bolle. Når ein kjem til slakare terreng dreiar ein meir mot aust og siktar seg inn mot renna som går på vestsida av ein pinakkel/fjellrygg. Ein kan følje vestkanten av renna, eller ein kan krysse renna og følgje austkanten ned til Laugadalen. Denne renna er ofte også eit skredfar.