Denne nedkøyringa kan gje 1500 høgdemeter om det er gode snøforhold heilt ned til fjorden. Det er to oppturar og nedturar på Nyastølseggi. Eit alternativ er frå Berge via Bessdalen og opp søraustsida (30.1, sjå side 139). Det andre alternativet er frå Horpedal via Endrestølen og opp nordvestryggen. Begge desse er fine turar. 

Frå garden følg jordet forbi ein liten dam ved elva. Rett etter dammen er det ei bru over Horpedalselvi. Følg sommarstien opp skogen til Endrestølen. Kryss Fjellgrovi og følg slakaste veg opp nordvestryggen til topps.  

Nordvestryggen av Nyastølseggi er ein brattare ryggflanke ned til Endrestølen. Følg sommarstien ned til Horpedalen. Første 100 høgdemeterane ned frå Endrestølen er skogen tett.