Denne nedkøyringa kan gje 1500 høgdemeter om det er gode snøforhold heilt ned til fjorden. Det er to oppturar og nedturar på Nyastølseggi. Eit alternativ er frå Berge via Bessdalen og opp søraustsida. Det andre alternativet er frå Horpedal via Endrestølen og opp nordvestryggen (30.2, sjå side 151). Begge desse er fine turar. 

30.1 Opptur

Gå ned forbi toalettbygget og vidare ned mot nærmaste gard. Ved første sving går det ein veg opp til brua som kryssar riksvegen. Gå inn Bessdalen langs sommarstien til Storebotn. Følg slakaste veg opp søraust sida til toppen.