Tilkomst/parkering: Turtagrø, langs Rv 55 Sognefjellsvegen.

Følg ruteskildringa med tilkomst Styggedalsbreen og Gjertvassbreen via Skagadalen. Frå vatnet 1584 mellom Kolnosi og Nordre Skagastølstind følgjer ein vestre kant av Nordre Skagastølstind til topps. Om ein ønskjer å nå Nebbskar, Skagastølsnebbet og vidare langs ryggen, held ein på vestsida omlag ti meter under toppen. Her traverserer ein ut til ryggen langs ei «hylle» som ofte kan vere bratt på grunn av snøen.

Dei siste åra har det vore lite snø i denne nordsida. Ofte stikk stein opp og innbyr ikkje til nedkøyring. Følg same veg som opp. Ofte vil det liggje meir snø i austsida av toppflanken og dermed stikke fram færre stein. Ver merksam på klippepartiet mellom 1720 og 1800 moh midt i flanken. Terrenget rullar og det kjem brått på.