Denne nordsida byr òg på ein fin, lang skibakke i moderat terreng. Det kjende Tinderittet gjekk herfrå og ned til Turtagrø mellom 1992 og 2008.

Tilkomst/parkering: Turtagrø, langs Rv 55 Sognefjellsvegen

Frå Turtagrø kryssar du vegen og held på vestsida av elva frå Skagadalen. Rundt 1050 moh trekkjer du vestover mot vatn 1176 moh. Vidare sørover. Frå 1200 moh følgjer du lågaste punktet på denne breie ryggen til 1500 moh der det blir eit brattare parti att. Dette er òg slakast mot vest. Følg den breie ryggen vidare til han smalnar mot toppen av Nordre Dyrhaugstind og trigpunktet her.