Når ein kjem opp nordflanken kring 1500 moh kan ein velje mellom fleire toppunkt på kring 1560 moh. Frå toppen har ein flott utsyn mot Hurrungane i aust og Steindalsbreen i nord. Frå varden, 1561 moh, er det 1,8 kilometer langs ein ryggformasjon til Tverrdalstind, 1585 moh. Skli nordover og ned i Yngsdalsskardet, 1343 moh, følg deretter sørvestryggen til topps.

Frå Anestølen følg Tverrdalen nordover til du kjem til Tverrdalsvotni. Drei aust og gå opp flanken på Tverrdalskyrkja. Følg den slakaste delen av flanken til 1380 moh. Drei mot nord og gå opp ein liten nordflanke til du kjem opp på Torstadmassivet. Drei i austleg retning mot toppen, 1561 moh. 

Følg nordflanken (snøbre) ned til ein rygg med høgde 1380 moh. Frå ryggen etter nordflanken, drei vestover og følg vestflanken ned til Tverrdalsvotni. Følg Tverrdalen tilbake til Anestølen.