På veg opp egga får du god ­oversikt over Skryklingen, som er den gamle ferdselsvegen mellom Jølster og Haukedalen. På toppen kan du nyte utsikta over breplatåa i området før du kan kose deg med ­nedkøyringa. 

Tilkomst/parkering: Følg fv483 til Gjerland i enden av Haukedalsvatnet. Du finn høveleg parkeringsplass langs hovudvegen eller langs sidevegen opp til garden på Gjerland. 

Frå Gjerland gard følgjer du skogsvegen og kryssar Isaelva ved enden av denne. Deretter går du nordaust opp på ryggen og vidare nordover langs den til 1316 moh.