Den austvende sida gjer denne toppturklassikaren snøsikker store delar av vintersesongen, og under skoggrensa finn du fin skogskøyring. Med ope terreng og vakker utsikt eignar turen seg godt både på fine skidagar og klåre vinterkveldar med måneskin under stjernehimmelen. For dei som ønskjer ei brattare utfordring er det mogeleg å utforske henga både på nord- og sørsida av toppen. 

Tilkomst/parkering: Frå Vassenden køyrer du inn på fv451, Nikolai Astrups veg, som er skilta mot Kjøsnes og Astruptunet. Frå Skei køyrer du rv5 til Kjøsnes og tek av inn på fv451 der det er skilta mot Vassenden og Astruptunet. Du køyrer langs sørsida av Jølstravatnet til du ser skiltinga mot Sanddalen, ta av her. Øvst oppe tek du av mot privat veg som går til Husbakke og Brendene. Her finn du høveleg plass for parkering på privat grunn før bommen opp til skogsvegen. 

Frå Husbakke går du eit par hundre meter langs traktorvegen som går til Ytre Sandalsstøylen. Fortset via dyrka mark i sørvestleg retning til du kjem over skoggrensa. Etter skoggrensa går du langs ein brei ryggformasjon opp til toppunktet.