Både austsida og vestsida av ryggen byr på fine nordflankar. Nonsholten gjev god utsikt sørover og mot Vest-Jotunheimen. Skilinjene ned nordsidene frå Nonsholten har ofte god snø. 

Følg riksvegen over brua mot Sogndal. Ved busslomma går du opp på jordet og gjennom ei opa grind vestover. Etter grinda dreiar ein oppover mot Svarteholten. Kring 480 moh dreiar ein vestover mot myrene. Kryss Stølsgrøvene der terrenget flatar ut. Etter elva går ein mot nordryggen til ein brattare passasje. Drei inn på flanken vest av ryggformasjonen. Følg det slakaste terrenget oppover til ein kjem til det lågaste punktet vest av Nonsholten. Deretter følgjer ein søraustsida til topps.   

Same veg ned som oppturen. Frå toppen sklir ein ned sørsida vestover til inngangen til nordsida. Følg nordflanken nedover traverserer svakt austover, slik at ein kjem inn på flanken vest av ryggformasjonen. Når ein møter vegetasjonen dreiar ein austover og kryssar Stølsgrovene. Skli mot myrene og ned til Gunvordalsstølen.