Frå Anestølen følg Tverrdalen nordover til du kjem til Tverrdalsvotni. Gå inn vatnet til Tverrdalselvi, følg terrenget opp langs elva til terrenget flatar ut. Drei nordvestover og inn på den sørlege flanken. Når du nærmar deg toppen, trekk ut på sørryggen og følg den til toppen. 

Følg sørryggen nedover frå toppen dei første høgdemeterane, drei deretter inn på søraustflanken. Frå 1200 moh blir terrenget jamt 30–33 grader bratt. Når ein nærmar seg vatnet traverser ein mot sør enden av vatnet og fortsett ned Tverrdalen til Anestølen.