Dei austvende skålformasjonane er snøsamlarar ved vêr frå vest, som det er mykje av i Sunnfjord. Her kan du ofte finne urørt laussnø for ypparleg skikøyring, både etter snøfall og når det er dårlege snøforhold andre stader. 

Tilkomst/parkering: Følg fv483 til Birkeland på nordsida av Haukedalsvatnet. Parkering finn du ved starten av skogsvegen som går til Nesstølen. 

Du følgjer skogsvegen opp til Nesstølen på 605 moh. Frå ­stølen går du nordover 100-200 meter, til du finn ein god plass å krysse elvegjelet. Frå gjelet går du vestover mot ­ryggen som ligg sør for skålformasjonen. Du følgjer ryggen til toppen.