Myrhønna er målt av fleire kjende kunstnarar, og det er måleri av fjellet både på Slottet og på Jostedal hotell. På ski er Myrhønna noko kronglete og ujamn, utan dei heilt store opne flankane. Snøen bles stort sett av fjellet på vinteren, så Myrhønna er ei typisk vårtur. Då gjev fjellet utsikt og sol, eksponerte linjer og variert skimoro. 

Ein går til Vanndalsvatnet som mot Vangsen, men kryssar ikkje Vanndøla, då ein skal nord for vatnet. Gå nordaustover, hald avstand til dei brattare austsidene på Myrhønna. Her kan ein gå opp på stabile tilhøve! Før skaret bratnar det, omlag 30 grader i eit kort parti. No går ein rett vest langs ryggen, forbi nokre bratte parti som ligg i toppen av skredheng, gå høgt i desse henga så ein kjem over potensielle skredmassar. Litt opp og ned bortover ryggen til topps i greitt terreng.

Litt utpå året eller om det har vore mykje nordvestaver tidleg på sesongen er søraustsida på Myrhønna vanlegvis brukande. Om ein kan køyre bil lengre enn Myri utpå våren er nok turen meir aktuell enn midtvinters, då det ellers vert ujamn skiskreing. Om ein går på Myrhønna på våren er det svært aktuelt å vurdere denne ruta som ein veg opp til topps, då det er noko meir effektivt. Sida står rett i morgonsola, så vårsnøsesongen er lang.