For å gjere seg kjent med terrenget inst i Laugadalen anbefaler vi å gå første tur inn Laugadalen og opp nordsida via Brealægdi til breen. Ein blir då også kjent med snøforholda i den sida ein skal ha nedfarten i. Ein kan komme til Myrdalsbreen/Voggebreen på mange måtar. Den tradisjonelle turen til Myrdalsbreen/Voggebreen er ein rundtur på fjellski som går frå Hodlekve via breen og ned Friksdalen til Leikanger, alternativt ned Skarholten og sørover til Hella via Stav og Troeggi. Frå Kjerringafjellet 1314 moh i Leikanger kjem ein til Myrdalsbreen/Voggebreen via Kaldekletten 1320 moh og Friksdalseggi 1455 moh. Myrdalsbreen/Voggebreen kan kombinerast på mange måtar, men i dette kapitelet er det turar frå Gunvordalen som er i fokus.

Start frå parkeringa på Brandhaugadn. Følg traktorvegen inn Gunvordalen/Laugadalen til den sluttar. Kryss Laugi og fortset på sørsida av elva til ein kjem innafor Laugavatnet. Inn til vatnet er det 4,5 kilometer. Skrå vestover mot inngangen til Brealægdi. Det å komme opp i Brealægdi er den brattaste passasjen på denne oppturen. Når ein kjem til den slakaste delen av nordsida kryssar ein oppover og går mot austleg side av skavlen. Drei deretter vest og gå mot austleg eller vestleg toppunkt. Ønskjer ein gå via Strupen og Synnevaskjer kan ein starte turen frå Gunvordal. Sjå opptur for Synnevaskjer. 

Frå toppunktet 1570 moh traverserer ein aust på breen til ein får ei fallinje ned mot Brealægdi. Ein får ei markant klippe på austsida (skihøgre). Toppflanken går ned til Brealægdi. Drei austleg og ut av Brealægdi i lavaste punktet. Drei nordaustleg på nedste flanke ned i Laugadalen.