Du startar relativt høgt, slik at området er sikra snø store delar av skisesongen. Turen kan vere eit fint avbrekk på veg over den nasjonale turistvegen, eller du kan nyte solnedgangen som badar toppane på Gaularfjellet etter jobb. 

Tilkomst/parkering: Frå Viksdalen sentrum følgjer du fv13 vidare til Byttevatnet i Viksdalen. På austsida av Byttevatnet kan du parkere ved avkøyringa til ein skogsveg som går mot Bratteteigstølen.

Du kryssar elva Gaula like etter parkeringa og går i sørvestleg retning mot høgde 546 moh. Herifrå held du fram i sørvestleg retning til du nærmar deg skoggrensa, så legg du sporet i meir vestleg retning opp skålformasjonen mot toppen.