Toppen har alternative nedkøyringar, men austsida er bratt. Ein kan òg ta seg vidare langs ryggen mot Soleiebotntindane. Dette krev stegjern, isøks og sikringsutstyr.

Tilkomst/parkering: Frå Turtagrø langs Rv 55 Sognefjellsvegen om ikkje Tindevegen er open. Er han open, tar ein av sørover langs Tindevegen. Etter å ha kryssa Ringselvi parkerer ein langs vegen rundt 1000 moh. Pass på at du ikkje sperrar for annan trafikk.

Frå parkeringa og opp mot ryggen på vestsida av Ringsdalen. Før Lauvnosi held ein på ryggen vidare. I toppflanken er det slakast å halde i vestsida av flanken. Vidare til høgaste punkt på ryggen. Siste stykket er smalt og steinete, så la ski stå om du ikkje skal vidare over ryggen. Ver merksam på skavl mot aust.