Nedkøyringar frå Lammanipa finn du i nesten alle himmelretningar, og turen er óg fin frå Frudalen. 

Frå Anestølen går du en kilometer inn i Langedalen mot Spartagrovbetnene. Sikt deg inn på lågaste punktet mellom Lammanipa og Oksli. Oppturen følgjer svake ryggformasjonar i terrenget oppover mellom Spartagrovbetnene. Gå til rampa som ligg om lag 1200 moh og følg denne austover for å unngå skavlen før du kjem opp på ryggen. Følg søraustryggen vidare til topps.

Fin nedkøyring med mykje utsikt. Nedturen følgjer same veg som oppturen. Køyr først ned søraustryggen til salen mellom Lammanipa og Oksli, herfrå er det ei stor open side med mykje småterreng. Ofte fint etter snøfall frå sørvest og vest. Studer alternative nedfartar på veg opp. Søraustryggen frå Lammanipa og ned i salen kan vere vindpåverka.