Nedkøyringar frå Lammanipa kan varierast i nesten alle himmelretningar, og du kan også komme hit frå Anestølen.

Gå inn langs austsida av Tverrelvi. Ta opp ein søraustleg flanke aust for Frudalsfossen (Fossane). Når ein kjem til 760 moh traverserer ein i nordvestleg retning over ei skredrenne og inn i dalen. Dalen flatar ut og har eit mindre bratt parti fram til kring 900 moh. Her blir dalen smal og brattare opp til 1000 moh. Her dreiar ein mot nord/nordaust, til ein kan følgje ryggformasjonar opp sørsida til Lammanipa. Dette gjer ein mindre utsett for utløp frå eventuelle skred.  

Lammanipa si sørside krev at ein er kjend med terrenget ned til Tverrelvi. Under sørrenna er det eit høgt klippeparti/stup. For å unngå dette, må ein dreie vest før 1000 moh for å komme trygt ned i dalen. For å få kjennskap til terrenget og snøforholda bør ein difor gå opp sørsida av Lammanipa.