Her kan du oppleve storslagen skikøyring ned flankane på ein av dei høgste toppane i vestre del av Jølster. På denne grensetoppen mellom Jølster og Haukedalen kan du ofte lufte skia langt ut i juni. 

Tilkomst/parkering: Frå Vassenden køyrer du inn på fv451, Nikolai Astrups veg, som er skilta mot Kjøsnes og Astruptunet. Frå Skei køyrer du rv5 til Kjøsnes og tek av inn på fv451 der det er skilta mot Vassenden og Astruptunet. Du køyrer langs sørsida av Jølstravatnet til du ser skiltinga mot Sanddalen, ta av her. Øvst oppe tek du av mot privat veg som går til Husbakke og Brendene. Her finn du høveleg plass for parkering på privat grunn før bommen opp til skogsvegen. 

Du følgjer skogsvegen til Ytre Sanddalsstøylen. Gå vidare mot Gamlestøylen ved Botnavatnet. Etter å ha passert vatnet, kryssar du elva og startar oppstigninga mot Brandsbotnen. Herifrå legg du ruta opp mot Isvasskaret og svingar deretter i sørvestleg retning langs ryggformasjonen opp til toppen.