Rundturen på breplatået fører deg innom dei kjende landemerka Grensevarden og Bings gryte. Bings gryte, som er forma av ekstreme vindtilhøve, vert om sommaren vedlikehalden og utvida av smeltevatn i botnen. Du vil garantert drøyme deg vekk ei stund i kontrastane og formene i Bings gryte, som er naturens ekte kvite kunstverk. Frå Hanekammen ser du rett ned på Briksdalsbreen, før du kan vende skia mot nedturen som er høgt verdsett av toppturentusiastar.

Tilkomst/parkering: Følg E39 frå Førde til Skei. For å komme til Stardalen følgjer du E39 vidare til Klakegg, der du tek av mot fv453 som er skilta Stardalen. På Lyngstad tek du av mot Befring. På den lange strekninga på Befring tek du av mot skogsvegen som går opp austsida av Befringselva. Tidleg på sesongen finn du parkering ved kraftstasjonen, eller ved bommen eit kort stykke opp skogsvegen. På grunn av teleløysing er vegen til Befringsstøylen ofte stengd om våren. Om den er open kan du mot bomavgift køyre til toppen av Befringsbakkane (600 moh.) der det blir rydda parkering. 

Returen via Hanekammen fører deg ned til skogsvegen i Haugadalen, som startar på Høyset ved fv453 der det er skilta mot Høyset Camping. Her kan du parkere ved utkøyringsplassar langs grusvegen ved Høyset Camping, eller nede ved fylkesvegen. Det er framtidige planar for toppturparkering i dette området. Seint om våren kan bomvegen mot Haugastøylen opne slik at du kan køyre opp i Haugadalen.