Motbakkeløpet ”Storehesten Opp” samlar alt frå mosjonistar til internasjonale toppløparar. På vintertid kan toppturfolk som likar å leike seg på ski i ulike vanskegrader utfordre seg her. Sjølv om fjellet ligg langt vest i fjordlandskapet, kan du langt ut i mai månad finne god snø på nord- og austsida av fjellet. Frå toppen kan du sjå Dalsfjorden og ut mot havet. I godt vêr kan du til og med skimte fjella rundt Bergen.

Tilkomst/parkering: Frå Førde køyrer du E39 til du tek av mot Bygstad på fv57. I Eidavika tek du av mot fv391. Der det er skilta vidare mot Laukeland tek du av mot privat veg som er skilta mot parkering til Storehesten.

Denne oppstigninga følgjer i stor grad same traséen som det kjende motbakkeløpet ”Storehesten Opp”. Frå Kårstad og Rytnane følgjer du skogsvegen vidare oppover mot Kårstadstølen. Du held no fram aust mot Rabbane, og deretter i nordleg retning mot skaret aust for Skardavatnet på 715 moh. Ruta går på nordsida av Skardavatnet i vestleg retning og rundar Grunnevatnet. Etter å ha tatt litt høgde vest for Grunnevatnet, følgjer du den markerte skålformasjonen sørover heilt opp. Herifrå går du i austleg retning langs ryggen mot toppunktet.