Parkering: Frå Sogndal og Fjærland følgje ein riksveg 5 til avkøyringa mot Anestølen og Selseng. Følg Dalavegen nedover til Torstad/Kvam. Parkering på egna plassar kring Torstad/Kvam.

Følg austsida av Kvamselvi opp til ein kjem inn på traktorvegen. Følg denne og ta venstre i første kryss. Etter kvart kjem ein inn på ein ope området og i øvre del kryssar ein gjerdet. Granplantefeltet er blitt opnare etter stormen Dagmar. Fortsett sommarstien oppover til skogen blir opnare. Gå opp til ei lita hytte kring 800 moh før ein går ut av skogen og inn på Kvamshalsen. 

Frå Kvamshalsen 940 moh følgjer ein skogen ned igjen i det området ein har gått opp. Området kring den vesle bua 800 moh har fin skog. Når skogen blir tettare søker ein inn på sommarstien som fører ned og gjennom granfeltet. Nedre delen går i ope kulturlandskap og på traktorveg.