Det byggjer seg opp mykje snø her, då linja ligg i le for ei vestaveret og i tillegg har eit stort henteområde. Premien er ei flott opa side/rygg før ein avsluttar i skog med storstein og hamrar, artig for dei som likar litt luft under skia. Om ein kombinerer denne turen med Fivlenosi vert nedkøyringane jamne og bratte. 

Opptur

Same veg som mot Fivlenosi til omlag 900 moh, då ein går vestover over slakt terreng og tek etterkvart høgde mot Kollen. Linja som er innteikna går ikkje frå topp 1178, då det er temmeleg slakt heilt inn på denne toppen. Vi rår til om ein berre er her for å skreie på ski til å halde 1100-meterskota bort til starten av nedturen rett vest for Kollen 1158. Det opplagte søkket i terrenget bør ein normalt sett holde nord for, då dette gjev den minst utsette linja for skred. Her sklir ein nemleg på ein svak ryggformasjon frå omlag 1080 moh og ned til 900 moh der det slakar ut.