Den litt kuperte sida ned mot Bjørndalen, med småryggar og terrengformasjonar, legg til rette for leik og moro. I den austvende sida får sola lite tak, og snøen kan ligge langt ut på våren. Etter større snøfall er Knebben eit godt turval for dei som er ute etter skogskøyring. 

Tilkomst/parkering: Frå Vassenden køyrer du inn på fv451, Nikolai Astrups veg, som er skilta mot Kjøsnes og Astruptunet. Frå Skei køyrer du rv5 til Kjøsnes og tek av inn på fv451 der det er skilta mot Vassenden og Astruptunet. Du køyrer langs sørsida av Jølstravatnet og parkerer ved grustaket rett aust for Bjørndalselva. Unngå å parkere ved kraftverket og ved skogsveg frå Sanddalsstrand.

Du følgjer vegen opp mot kraftverket på austsida av Bjørndalselva og vidare opp kraftgata til du møter skogsvegen frå Sandalsstrand. Du kryssar elva ved kraftdammen ved enden av vegen. Herifrå følgjer du opninga i skogen vestover langs det slakaste terrenget mot ryggen mellom Knebben og Høgenuken.