Frå Kløvingahaugen er det fire kilometer til Bjåstadbreen. Det er fleire moglege nedfartar frå Bjåstadbreen ned til Frudalen (sjå tur 15) eller til Gunvordalen (sjå tur 9). Nonsskareggi er ein flott ryggformasjon med god utsikt utover Fjærlandsfjorden. Skogskøyringa ned frå Kløvingahaugen kan vere fin når det er snø til fjorden i Fjærland. 

Oppturen til Kløvingahaugen startar med ein nedfart til brua før Bjåstad om lag 80 moh. Kryss brua og følg sommarstien mot Fjellstølen. Rett før elva delar seg til Besselvi og Bjåstadelvi, går du mot sør, og opp det slakaste terrenget i skogen. Kring 650 moh er det eit kortare parti med 35–40 grader opp mellom nokre mindre klipper. Etter klippane følgjer du ryggformasjonen opp til Kløvingahaugen, 935 moh. Frå Kløvingahaugen kan du fortsette fire kilometer via Nonsskareggi, til Bjåstadbreen, 1602 moh.  

Hald nordvest nedover ryggen til kring 700 moh, derfrå hald meir nordleg ned skogen ned til sommarstien frå Fjellstølen og følg denne attende til vegen.