Utsikta på turen opp endrar seg heile tida, og for kvar vending oppover vil det dukke opp nye fjell og dalformasjonar å kvile augo på. Nedkøyringa har mykje terreng å leike seg i på dei 1000 samanhengande høgdemetrane ned att til bilen. 

Tilkomst/parkering: Frå Skei følgjer du E39 nordover og tek på Klakegg av i krysset skilta mot Stardalen. Det er parkeringsplass til høgre like etter avkøyringa. 

Frå parkeringa kryssar du E39 og følgjer gardsvegen i 150 meter frå busskuret, og går vidare på bøen aust for juletrefeltet. Øvst mot utmarka passerer du grinda, og følgjer ei fin uthogd gate gjennom granskogen. På flata etter granskogen legg du sporet i nordvestleg retning under hamrane, og rundar rundt ein liten topp i terrenget. Her er det ei hylle i hamrane der det er greitt å skrå seg opp. Gå vidare i nordaustleg retning via ein ny gapahuk på 680 moh., og deretter nordvest til terrenget flatar ut. Du kjem no inn i ein dalformasjon med småkupert terreng. Her er det enkelte korte parti med 30-35 grader, men du kan finne gode vegval via små ryggformasjonar nordover mot neste platå på 1047 moh. Frå dette platået traverserer du nordvest rundt knausen og deretter vestover mot toppunktet.