Vigdalsstølen og Breidsete. Kanskje det er på Kattøyra ein skal prøve fjellskia att, med kortfeller bør det gå som en røyk inn og ut Vigdalen.

Gå til Vigdalsstølen som mot Buskrednosi, forbi Vigdalsstølen og litt ned og bortover mot Kattøyra. Sjå deg ut kvar skogen ser gåande ut. Det er vanlegvis best å følgje svake hylleformer opp skogen, så legg terrenget seg over skoggrensa. Greit til topps. Nedatt etter sporet med smarte variasjonar.