Slingsbybreen frå søraust. / Topptur i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Vesle Skagastølstind

Vesle Skagastølstind når ein lettast via Slingsbybreen. Fjellet har ikkje mange nedkøyringar og dei er alle eksponerte og krevjande.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Jotunheimen
    • Underområde: Hurrungane
    • Toppunkt: 2340
    • Høydemeter: 1460
    • Faremomenter: Bre- og sikringsutstyr.
    • Bratteste punkt: 40–43 grader
    • Tid opp/ned: 5–10 timar

    Ruta skildra i nordsida, skiftar stadig karakter etter sesong og snømengd, også fordi breane smeltar ned.

    Tilkomst/parkering: Frå Turtagrø langs Rv 55 Sognefjellsvegen. Sjå skildring (3.1 og 3.2) tilkomst Styggedalsbreen og Gjertvassbreen eller via Slingsbybreen (5.1).

    5.1 Opptur via Slingbybreen

    Frå Turtagrø tar ein seg inn til Skagastølsbandet. Hald høgda rundt 1800 moh inn i sørsida til ein når Slingsbybreen. Følg beste veg opp breen og vidare opp til Mohns skar. Herfrå held du ei hylle som leier nordaustover og inn mot ryggen mellom Sentraltind og Vesle Skagastølstind. Eit lite opptak til ryggen, som følgjast til topps. Ruta til toppen av Vesle er kanskje ikkje innbydande skiterreng for dei fleste, så la skia stå i Mohns skar. Sjå òg nøye kvar det er best å følgje snøen/rampa frå Mohns skar til ryggen. Her varierer det ein del frå år til år.

    • Lengd: 5–10 timar
    • Lengde nedkøyring: 1460 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 40–42 grader (stader på traversen til Slingsbybreen kring 1800 moh) og 40–43 grader i 240 høgdemeter (2100–2340 moh)
    • Farar: Sola steikjer godt i sørsida, så ikkje ver for sein på traversen frå Bandet til Slingsbybreen. Denne traversen er òg utsett på grunn av klipper i fallinja og bratt terreng. 
    • Utstyr: Bre- og sikringsutstyr.

    5.1 Ned via Slingbybreen  E3, V

    Som ein rein skitur er kanskje ikkje dette den beste i Hurrungane. Den komplette alpinisten når både Vesle Skagastølstind, Store Skagastølstind og Sentraltind frå Mohns skar. Dette kan vere ei gedigen totaloppleving om ein har kunnskapane som skal til.

    For skildring av toppane frå Mohns skar, sjå Klatrefører for Jotunheimen. Frå Mohns skar følgjer ein vegen breen tillèt tilbake. Ver merksam på eit klippeband nedst i henget mellom Mohns skar og inn på Slingsbybreen. Dette unngår ein lettast mot nordaust og ei rampe ned på Slingsbybreen.

    • Lengd: April–juni
    • Farar: Utgliding, skred, bre
    • Himmelretning: Sør og aust til Bandet, herfrå nord og enkelte vestheng
    • Lengde nedkøyring: 1380 høgdemeter til Turtagrø frå Mohns skar.
    • Brattaste punkt: 40–43 grader i 240 høgdemeter (2340–2100 moh)
    • Tips: For å nå toppane frå Mohns skar krevst sikringsutstyr. For meir detaljert skildring sjå Klatrefører for Jotunheimen.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.

    5.2 Opptur Nordaustryggen

    Turen går frå Styggedalsbreen og inn breen mot nordaustryggen som deler hengjebreane nord for Sentraltind og Vesle Skagastølstind. Herfrå blir loddlinja av nordaustryggen følgd opp i høgd med hengjebreen. Vidare held ein austsida av denne ryggen til ein når salen mellom Sentraltind og Vesle Skagastølstind. Herfrå langs ryggen vestover til Vesle Skagastølstind.

    • Lengd: 5–10 timar frå Turtagrø
    • Lengde nedkøyring: 1440 høgdemeter frå Turtagrø
    • Brattaste punkt: 45–55 grader (Brattaste partiet er slutten av flanken mellom hengjebreane)
    • Farar: Skred, bre, utgliding, kalving frå hengjebreane.
    • Utstyr: Turen krev bre- og sikringsutstyr.

    5.2 Ned nordaustryggen E4, EV

    Ruta følgjer same veg ned.

    • Lengd: Mai–juni
    • Farar: Skred, bre, utgliding
    • Himmelretning: Nord, nordaust
    • Lengde nedkøyring: 500 høgdemeter (topphenget) + 900 høgdemeter (tilbake til Turtagrø)
    • Brattaste punkt: 45–55 grader (Brattast er slutten av flanken, mellom hengjebreane)
    • Tips: Denne ruta har endra mykje karakter dei siste åra.
    • Vanskegrad: Ekstremt vanskeleg. Ekstremt skiterreng med lange parti over 45 gradar. Alle faktorar nemde på MV og/eller naudsynte vegval som krev akrobatisk dugleik kan ha påverka grada. Skiterreng for få. Fall vil vere livsfarleg, og vil så i dei fleste tilfelle vere fatalt. Det krevst svært stor dugleik for å ferdast sikkert i slikt terreng. Eit bratt parti i seg sjølv treng ikkje kvalifisere for  E4. Det er konsekvensen av eit fall eller utgliding som skildrast. Oppturen vil nesten alltid krevje stegjarn, isøks og sikringsutstyr.

    5.3 Ned nordveggen E4, EV

    Ruta følgjer breen på nordsida av Vesle Skagastølstind. Ei vedvarande bratt rute ned den nordvendte hengjebreen til Styggedalsbreen.

    • Lengd: Mai–juni
    • Farar: Skred, bre, utgliding, kalving frå breen
    • Himmelretning: Nord, nordaust
    • Lengde nedkøyring: 520 høgdemeter (topphenget) + 900 høgdemeter (tilbake til Turtagrø)
    • Brattaste punkt: 45–58 grader i topphenget
    • Tips: Denne ruta har endra mykje karakter dei siste åra. Ver merksam på varme dagar med tanke på kalving frå hengjebreane.
    • Vanskegrad: Ekstremt vanskeleg. Ekstremt skiterreng med lange parti over 45 gradar. Alle faktorar nemde på MV og/eller naudsynte vegval som krev akrobatisk dugleik kan ha påverka grada. Skiterreng for få. Fall vil vere livsfarleg, og vil så i dei fleste tilfelle vere fatalt. Det krevst svært stor dugleik for å ferdast sikkert i slikt terreng. Eit bratt parti i seg sjølv treng ikkje kvalifisere for  E4. Det er konsekvensen av eit fall eller utgliding som skildrast. Oppturen vil nesten alltid krevje stegjarn, isøks og sikringsutstyr.
    Oversiktskart over Hurrungane. Frå Toppturar i Sogn.
    På veg mot Vesle Skagastølstind. Foto: Christian Nerdrum. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå