Styggedalstindane frå nordvest. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Store Styggedalstind

Dette er den fjerde høgaste toppen i Noreg. Med breen på nordsida, toppryggen og det mektige utsynet er dette ein alpin tur i ypparste klasse.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Jotunheimen
    • Underområde: Hurrungane
    • Toppunkt: 2383
    • Høydemeter: 1500
    • Faremomenter: Skred, bre, utgliding
    • Bratteste punkt: 40–45 grader
    • Tid opp/ned: 5­­–10 timar
    • Ekstra utstyr: Stegjern, isøks og breustyr nødvendig.

    Her kan ein oppleve det storstilte og alpine utan å sjå for mange andre, kun omkransa av fire av dei ti høgaste og mest alpine fjella i landet. Skikøyringa er bratt med spennande brelandskap som til tider gaper mot ein. Sjølv om mykje av skikøyringa her kan bli oppstykka, inviterer topphenget til nesten 500 meter med bratt skikøyring på bre. Vidare har ein nesten 1000 høgdemeter attende til Turtagrø med små bakkar og mykje slakt terreng.

    4.1 Opptur via nordaustflanken 

    Følg skildring til Styggedalsbreen, Gjertvassbreen (rute 3.1 og 3.2) Frå Gjertvassbreen sin vestre kant, ser ein ei rampe som leier mot aust og Gjertvasstind. Følg denne og trekk etter kvart opp og sørover til Gjertvasskaret. Herfrå vidare vest til Store Styggedalstind via ryggen siste stykket.

    • Lengd: 5­­–10 timar frå Turtagrø
    • Lengde nedkøyring: 1500 høgdemeter totalt frå Turtagrø
    • Brattaste punkt: Passasjar på 40–45 grader (rundt 1960–2100 moh og 2300–2360 moh)
    • Farar: Skred, bre, utgliding
    • Utstyr: Stegjern, isøks og breustyr nødvendig. 

    4.1 Ned nordaustflanken E2, MV

    Ei flott og alpin turoppleving. Best inngang til denne flanken varierer med snø og skavlar i tillegg til breen. Studer ruta nøye på veg opp. Følg ryggen austover frå toppunktet til du når breen der du kom opp på ryggen.

    • Når: Mai–juni 
    • Himmelretning: Nordleg, frå nordaust- til nordvesteksponeringar.
    • Lengde nedkøyring: 500 høgdemeter (topphenget) + 1000 høgdemeter (tilbake til Turtagrø frå Gjertvassbreen)
    • Brattaste punkt: Passasjar på 40–45 grader (rundt 2360–2300 moh og 2100–1960 moh)
    • Tips: Frå Gjertvasskaret har ein dryge 100 meter til topps av Gjertvasstind, noko som gjer det lett å kombinere desse to toppane på same tur. Om du gjer turen seint på sesongen, vil ofte sykkel til Styggedalsbreen vere ei god løysing. Det kan òg gi ein artig retur.
    • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.

    4.2 Ned nordflanken E3, EV

    Ruta startar frå lågaste punkt mellom Store Styggedalstind og vesttoppen på Styggedalstind. Ei svært bratt linje. Kvar ein kan køyre, kjem an på breen frå år til år. Loddlinja er omtrent 50 grader i snitt dei 200 øvste metrane. Passasjar vil òg vere nærare 60 grader i toppen og botnen av topphenget. Rådet er derfor å gå ruta opp for å gjere seg kjent med forholda og kva ein skal køyre ned. Følg den vegen du såg deg ut på veg opp.

    • Når: Mai–juni
    • Farar: Skred, bre, utgliding 
    • Himmelretning: Nord
    • Lengde nedkøyring: 810 høgdemeter (til Styggedalsbreen) + 670 høgdemeter (tilbake til Turtagrø frå Styggedalsbreen)
    • Brattaste punkt: Passasjar på 60 grader. Topphenget er 50 grader i snitt.
    • Tips: Gå ruta du har tenkt å køyre ned, til topps. Frå nordryggen av vesttoppen på Styggedalstind i høgde 2040 meter kan det vere råd å køyre den nordvestvende renna rett ned på Gjertvassbreen om det er nok snø. Dette vil gi 240 høgdemeter med omlag 50 grader i snitt. E3, EV.
    • Vanskegrad: Ekstremt vanskeleg. Ekstremt skiterreng med lange parti over 45 gradar. Alle faktorar nemde på MV og/eller naudsynte vegval som krev akrobatisk dugleik kan ha påverka grada. Skiterreng for få. Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.
    Oversiktskart over Hurrungane. Frå Toppturar i Sogn.
    Gjertvasstind, Styggedalstindane og Skagastølstindane frå nord. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå