Frå Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Store Soleiebotntind

Store Soleiebotntind er ein topp som er enkel å nå, men som på same tid har mange ulike, bratte variantar både i sørleg, nordleg og austleg sektor.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Jotunheimen
    • Underområde: Hurrungane
    • Faremomenter: Fare for dårleg skiføre langs ryggen
    • Bratteste punkt: 35 grader
    • Startsted: Tverrelvi eller Berdalsbotnen
    • Tid opp/ned: 2–4 timar
    • Ekstra utstyr: Eventuelt utstyr som kan vere aktuelt for turen (viss det er behov for stegjern/isøks/breustyr)

    Tilkomst/parkering: Frå Turtagrø køyrer du Tindevegen mot Soleiebotn. Parker ved bru over Tverrelvi eller Berdalsbotnen avhengig av kvar du ønskjer å kome ned.

    16.1 Opptur via vestryggen

    Frå parkeringa ved Tverrelvi går du søraustover og inn på ryggen via Bukkanosi. Vidare langs vestryggen til Store Soleiebotntind. Han er ofte steinete og avblåsen. Varianten via Soleiebotnen og den nordvestvendte fonna har meir snø om du ønskjer å køyre ned her. Om du vil køyre nokre av linjene som er brattare, bør du vurdere å gå dei opp.

    • Lengd: 2–4 timar
    • Lengde nedkøyring: 863 høgdemeter
    • Brattaste punkt: Kun små passasjar rundt 35 grader (1400 og 2000 moh)
    • Farar: Fare for dårleg skiføre langs ryggen
    • Utstyr: Eventuelt utstyr som kan vere aktuelt for turen (viss det er behov for stegjern/isøks/breustyr)

    16.2 Ned sørrenna E2, V

    Denne renna kan vere vanskeleg å finne beste vegen til inngangen på, men det står ein varde eit lite stykke ned sørryggen mot Berdalsbreen. Frå varda følgjer ein ei skrå rampe ned i skaret mellom Store og Søre Soleiebotntind. Rampa er utsett når det ligg mykje snø der, og det kan vere eit lite parti med klyving for å nå inngangen på renna. Renna i seg sjølv er fin på soltint snø og leier ned til Berdalsbreen.

    • Når: Mai når Tindevegen er opna
    • Farar: Utgliding, skred, bre
    • Himmelretning: Sør
    • Lengde nedkøyring: 963 høgdemeter til Berdalsbotnen
    • Brattaste punkt: 34–36 grader i omlag 500 høgdemeter (2083–1580 moh) passasjar på 38 grader
    • Tips: Inngangen til renna kan vere vanskeleg å nå til tider. Vurder å gå renna opp, eventuelt i kombinasjon med Nordrenna på Vestre Austanbottstind.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.

    16.3 Ned austrenna E2, MV

    Ei estetisk linje ein ser godt både frå Nordre Dyrhaugstind og frå Ringsdalen og Ringsbreen. Inngangen til denne linja har ofte ein stor skavl hengande i toppen og det kan vere vanskeleg å kome forbi han. Ein er utsett i renna under skavlen. Frå Store Soleiebotntind, følg same veg som for sørrenna. Skaret her er starten på både sørrenna og austrenna. Ver varsam med skavlen og prøv å få oversyn over han på veg ned til inngangen av renna, eller gå opp same veg. Renna er brattast i toppen (og botnen om ein køyrer den nordlege varianten her). Denne nordlege varianten er det somme år gode forhold på, andre år er det mykje stein. Sjekk dette først.

    • Lengd: Mai
    • Farar: Utgliding, skred, bregleppe
    • Himmelretning: Aust med både søraust- og nordaustterreng
    • Lengde nedkøyring: 1000 høgdemeter til enden av Ringsdalen.
    • Brattaste punkt: 40–45 grader i 200 høgdemeter (2000–1800 moh) 38–42 grader i 200 høgdemeter (1600–1400 moh) ved nordleg variant. Mykje ope, slakt terreng på breen.
    • Tips: Inngangen på renna kan vere vanskeleg på grunn av skavl. Sjekk òg dei to alternativa i botnen med tanke på breen. Du har godt oversyn over linja frå Nordre Dyrhaugstind eller oppgangen til Ringstindane frå Ringsdalen. For å sjå skavlen må du ha kikkert herfrå.
    • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.

    16.4 Ned nordflanken E3, MV

    Denne linja som går meir eller mindre i loddlinja frå toppen av Store Soleiebotntind, er bratt og utsett. Størrelsen på klippebandet midt i denne flanken er svært variabelt avhengig av sesong. Skavlar heng av og til ut i nordsida. Gå litt ned mot nordaustryggen og få oversyn over inngangen. Med tanke på klippebandet er det vanlegvis lettast å halde seg i lågaste punkt i flanken. Denne trakta vil etter kvart leie deg gjennom ein smal passasje der flanken opnar seg att. Nede på breen held du vestover og ut over Soleiebotnen til vegen og Tverrelvi att.

    • Når: Mai–juni
    • Farar: Utgliding, skred
    • Himmelretning: Nord (flanken) og vest (til vegen)
    • Lengde nedkøyring: 863 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 45–50 grader i omlag 200 høgdemeter (2083–1900 moh)
    • Tips: Gå ruta opp på grunn av klippebandet. Denne nordsida er ofte hard om våren. Sola får ikkje tak her.
    • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.

    16.5 Ned alternative linjer i nordflanken E3, MV

    I denne nordflanken finst det fleire alternativ. Oversynsbiletet viser eit par, men kva som er råd å få til, varierer mykje frå år til år. Under er ei skildring av inngang til den vestlege delen av nordflanken. Denne er ofte lettast om klippene er for mykje framme eller på grunn av skavl over nordsida. Frå toppen vestover til det smalnar av og brattnar rundt 2040 moh. Herfrå leier ei bratt skrånande rampe inn i nordsida. Traverser litt austover og ut av loddlinja for klippene under. Ned flanken og ut via Soleiebotnane.

    • Når: Mai–juni
    • Farar: Utgliding, skred
    • Himmelretning: Nord (flanken) og vest (til vegen)
    • Lengde nedkøyring: 863 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 43–48 grader 60 høgdemeter (2040–1980 moh)
    • Tips: Sjå på inngangen på veg opp
    • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.
    Oversiktskart over Hurrungane. Frå Toppturar i Sogn.
    Fra Austrenna, 16.3. Foto: Halvor Dannevig. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå