8.1 Opptur via Nordre Dyrhaugstind

Følg rute 7.1 til toppen av Nordre Dyrhaugstind. Ta skia på sekken og hald fram langs egga til Store Dyrhaugstind. Eit punkt krev klyving opp ein hammar mot Store Dyrhaugstind. Elles kan ein del passerast på vestsida mot Ringsdalen. Fleire stader langs ryggen er det eksponert, så sikring bør vurderast av den einskilde.

  • Lengd: 3–6 timar
  • Lengd nedkøyring: 1250 høgdemeter
  • Brattaste punkt: 30–32 grader somme passasjar
  • Farar: Fall langs ryggen frå Nordre til Store Dyrhaugstind.
  • Utstyr: Stegjern, isøks og eventuelt sikringsutstyr langs ryggen.

8.2 Ned sørvestrenna frå Store Dyrhaugstind E2, V

Nedkøyringa kan vere fin på soltint snø. Ein flott alpin rundtur kan takast via Nordre Dyrhaugstind og over ryggen til Store. Når du står på varden av Store Dyrhaugstind, har du ein vest-/sørvestvend rygg under deg. For å nå sørvestrenna må du enten halde fram over toppen til du når den store flanken som leier sørvestover ned mot oppgangen til Ringsbreen, eller du kan ta deg vidare bort ryggen og ned. Begge variantar går i mykje likt terreng.

  • Når: April–mai
  • Farar: Skred, stein, utgliding
  • Himmelretning: Sørvest
  • Lengde nedkøyring: 950 høgdemeter + 300 tilbake ut Ringsdalen og til Turtagrø
  • Brattaste punkt: 35–40 grader i 900 høgdemeter (2147–1440 moh), mykje rundt 35 grader
  • Tips: Ein flott, alpin rundtur som kan kombinerast med Ringstindane for dei som har mykje krut i beina. Om du går same veg opp, er dette den markerte renna du ser i forlenginga av henget opp til Ringsbreen.
  • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.