Nordrenna frå Vestre Austabotntind. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Store Austabotntind

For dei fleste som er ute etter den bratte skikøyringa i Hurrungane, går dei færraste heilt opp på Store. For dei som gjer det, kan det vere ein kombinasjon dei aldri gløymer.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Jotunheimen
    • Underområde: Hurrungane
    • Faremomenter: Utgliding, skred, bre, steinsprang i renna.
    • Bratteste punkt: 43–47 grader
    • Startsted: Berdalsbotnen
    • Tid opp/ned: 3–5 timar
    • Ekstra utstyr: Breutstyr er naudsynt for denne turen.

    Her kan ein avslutte skisesongen og starte klyvesesongen på ein og same tur. Ein fantastisk kombinasjon av alt det beste ein kan bruke tid på, medan ein ventar på sommaren. For å nå Store følg Nordvestryggen frå Vestre Austabotntind, skildra som rute nr 123 i boka Klatrefører for Jotunheimen.

    Tilkomst/parkering: Frå Turtagrø køyrer ein Tindevegen mot Årdal. Parker i Berdalsbotnen ved brua, eller før bommen på Berdalsbandet om ein går ryggen opp.

    15.1 Opptur Vestre Austabotntind 2100 moh via Berdalsbreen

    Frå bilen går ein søraustover til Hurrungbotnen og vidare austover langs elva. Frå skaret når ein Berdalsbreen. Ver merksam på vatnet som er blitt større dei siste åra fordi breen smeltar. Følg tryggaste vegen over breen austover til 1700 moh. Du ser no opp renna sør for deg. Gå bratt opp denne. Frå toppen av renna når du greitt vestre og midtre Austabotntind.

    • Lengd: 3–5 timar
    • Brattaste punkt: 45 grader jamt
    • Lengde nedkøyring: 980 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 43–47 grader i 400 høgdemeter (1700–2100 moh)
    • Farar: Utgliding, skred, bre, steinsprang i renna. 
    • Utstyr: Breutstyr er naudsynt for denne turen.

    15.1 Ned nordrenna frå Vestre Austabotntind E3, MV

    Ein klassikar av rennene i Hurrungane. Renna er nordvendt, bratt og skuggefull. Her får ikkje sola tak i snøen. Det kan difor vere vanskeleg å finne godt føre her om våren. Det er nesten berre temperaturen som kan omskape snøen i denne renna. Om du planlegg alt rett etter vêr, temperatur og nedbør, kan du få ein kjempetur. Frå Vestre Austabotntind tek du deg ned i skaret til nordrenna. Ho er ofte bratt i toppen og har fleire ulike inngangar, den slakaste er frå skaret og rett nordover. Følg renna til botnen og vidare vestover Berdalsbreen til vatnet 1512, og ut i skaret. Herfrå ned langs bekken til bilen att.

    • Når: Mai–juni
    • Farar: Utgliding, bre, vatnet, skred
    • Himmelretning: Nord (renna) og vest (toppen og botnen)
    • Lengde nedkøyring: 400 høgdemeter + 500 høgdemeter
    • Brattaste punkt: Jamt 45 grader, 43­–47 grader i 400 høgdemeter (1700–2100 moh)
    • Tips: Føret kan vere krevjande sidan renna ikkje får sol. Følgjer du med på vêr og føre, kan du få flott snø her.
    • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle.  Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.

    15.2 Opptur Vestre Austabotntind 2100 moh via Vestryggen

    Frå parkeringa på Berdalsbandet rundar ein 1483-haugen på sørsida og trekkjer etter kvart inn på ryggen som leier mot vestryggen av Austabotntind. Følg vestryggen vidare. Før Vestre Austabotntind, går du forbi utgangen til sør- og nordrenna frå Vestre Austabotntind. Du har òg fleire sør- og nordvendte alternativ på veg over vestryggen mot Vestre Austabotntind.

    • Lengd: 3–5 timar
    • Brattaste punkt: Små passasjar med klyving langs ryggen seint i sesongen. Skia gjer seg best på sekken her.
    • Lengde nedkøyring: 980 høgdemeter
    • Utstyr: Isøks og stegjern er ofte greitt å ha på denne turen.

    15.3 Ned Sørflanken frå vestryggen E1, GV

    I sørflanken mellom Vestre Austabotntind og der vestryggen smalnar av på rundt 1800 moh, er det mange alternative nedfartar sørover. Mange av desse alternativa ser ein frå ryggen eller på veg opp vestryggen. Den mest innbydande er kanskje ned frå toppen vest for nord- og sørrenna. Frå toppen av nordrenna tek ein seg litt vestover til det er råd å køyre inn i flanken. Ein kan bruke sør- og sørvesteksponering for å finne den beste soltinte snøen. Rundt 1800 moh er det klipper du må gjennom på ei rampe. Bruk den bratte klippeveggen aust for deg som referanse for å treffe her. Vidare ned vestover som for sørrenna.

    • Lengd: 3–6 timar
    • Farar: Klipper
    • Himmelretning: Sør/sørvest 
    • Lengde nedkøyring: 780 høgdemeter til Berdalsbandet
    • Brattaste punkt: 34–36 grader i 240 høgdemeter (2000–1760 moh)
    • Tips: Snillare og meir ope terreng enn sørrenna. Lettare å justere eksponering etter soltint snø.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    15.4 Ned sørrenna frå vestre Austabotntind E2, V

    Dette kan vere eit fint alternativ om snøen er hard i nordrenna og sola er framme. Med god planlegging, kan ein få fin soltint snø her. Sola tek godt, så ikkje ver for sein på denne. Følg oppturen langs vestryggen ned til skaret vest for Vestre Austabotntind. Du står no på egga midt mellom sørrenna og nordrenna. Følg renna ned på breen og vidare vestover til 1300 moh. Gå oppatt 80 høgdemeter i skaret, og inn på ruta via vestryggen. Tilbake til Berdalsbandet, eller nordover i dalen til Hurrungbotnen og Berdalsbotnen, om det var der du starta.

    • Farar: Utgliding, skred, steinsprang. I renna kan det kome stein om våren når sola bakar i sør.
    • Himmelretning: Sør (renna) og vest (toppen og botnen)
    • Lengde nedkøyring: 780 høgdemeter til Berdalsbandet
    • Brattaste punkt: 42–45 grader i 100 høgdemeter (2000–1900 moh)
    • Tips: Renna har eit smalt parti og blir fort snøfattig utover våren. Tenk snø og sol om du vel denne. Har det vore nattefrost, kan du få fin soltint snø om du ikkje er for sein. Har det ikkje vore nattefrost, kan snøen vere roten. Køyr bakken heilt ned og gå heller opp i skaret att.
    • Vanskegrad: Vanskeleg. 30 – 35 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 35 – 40 gradar. Terrengformer, hamrar/klipper, smale parti, skog og breterreng kan ha påverka grada. Utgliding er sannsynleg. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.
    Oversiktskart over Hurrungane. Frå Toppturar i Sogn.
    Ned nordrenna frå Vestre Austabotntind. Foto: Bjørnar Bjørhusdal. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Les alle plussaker gratis i 24 timer.
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå