14.1 Opptur

Følg skildringa som for Ringstind, frå Ringsbreen gjennom Ringsskar og sørover mot sørtoppen. Enten opp renna, eller rundt sørtoppen og inn frå søraust. Opp her og over sørtoppen og til Stølsmaradalstinden. Vegen via sørtoppen er vesentleg slakare.

  • Lengd: 6–8 timar
  • Lengde nedkøyring: 1146 høgdemeter
  • Brattaste punkt: 43–46 grader i 200 høgdemeter (1980–1780 moh)
  • Farar: Skred, bre, utgliding
  • Utstyr: Turen krev normalt stegjern, skarejern, isøks og breutstyr.

14.2 Ned nordaustrenna E2, MV

Ei kort og bratt renne, som kan gjere det til ein interessant topp for brattkøyrarar. Frå toppen følg ryggen mot sørtoppen til lågaste punktet. Ver merksam på skavlar i inngangen av renna. Herfrå følgjer ein renna ned på Stølsmaradalsbreen. Ver merksam på bregleppa i botnen av renna. Ein må nokre få høgdemeter opp att til Ringsskar. Heila renna er godt synleg frå Stølsmaradalsbreen. 

  • Når: Mai
  • Farar: Ruta er bratt og krev gode forhold. Skred, bre, utgliding.
  • Himmelretning: Nordaust
  • Lengde nedkøyring: 1146 høgdemeter tilbake til Turtagrø
  • Brattaste punkt: Kring 45 grader i 200 høgdemeter (1980–1780 moh)
  • Tips: Den tørraste snøen ligg ofte i søre del av renna. Om ein kombinerer denne med Austre Ringstind, bør ein ta Austre først, på grunn av sørflanken som får mykje sol.
  • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har nokre brattare parti kor ein kan skli etter fall. Det kan også være stein, hamrar eller tett skog som kan utgjere ein risiko. Om snøen er hard kan oppturen krevje skarejarn eller at ein går på skoa. Utgliding eller fall kan ved nokre tilhøve utgjere ein betydeleg risiko.