Steindalsnosi og Fanaråken frå vest. / Toppturar i Sogn.
FRIFLYT.NO

Turbeskrivelse Steindalsnosi

Steindalsnosi er ein fin og kort tur i Hurrungane med mange nedkøyringsalternativ. Her har ein rikeleg høve til å variere nedkøyringa etter himmelretningar og snøforhold.

Bøker
    FAKTA
    • Hovedområde: Jotunheimen
    • Underområde: Hurrungane
    • Toppunkt: 2025
    • Høydemeter: 745
    • Faremomenter: Store skavlar i aust- og nordsida av topplatået. Varden ligg òg heilt på kanten av nordsida. Vestsida er ofte hard om morgonen om våren, så skarejern eller stegjern kan vere greitt å ha med.
    • Bratteste punkt: 35 grader
    • Tid opp/ned: 2–4 timar

    Sjølv om det stort sett er opp og ned frå vestsida som er brukt, finst mange spanande variantar og kombinasjonar som gjer det mogleg å velje snøkvalitet etter vêr og temperatur.

    Tilkomst/parkering: Parker på brøytt plass ved Gjuvvatnet eller Galgebergstjørnane. Ikkje parker langs vegen til hinder for andre bilar. 

    1.1 Opptur sognefjellet (normalvegen)

    Frå Gjuvvatnet følgjer du dalsøkket rett austover forbi eit lite vatn. Frå dalsøkket på kring 1500 moh, trekkjer du nordaustover og når ein svak, vestvendt ryggformasjon som du følgjer til toppen.

    • Lengd: 2–4 timar
    • Lengde nedkøyring: 745 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 35 grader i 40 meter (1820–1860 moh)
    • Farar: Store skavlar i aust- og nordsida av topplatået. Varden ligg òg heilt på kanten av nordsida. Vestsida er ofte hard om morgonen om våren, så skarejern eller stegjern kan vere greitt å ha med.

    1.2 Ned vestsida (Normalvegen) E1, GV

    Dette er turen for dei som ikkje står tidleg opp morgonar om våren, særleg etter ei klar, kald natt. Den store skålforma i vestsida har eit morosamt og leikent terreng. På kalde netter er denne sida hard til sola får tak utpå dagen. Du har derfor inga hast på denne turen. Nedkøyringa startar vestover frå toppen. Sidan ryggen ein følgjer opp ofte er meir avblåsen og snøfattig, held ein lågaste punkt og søkket frå 1900 moh og ned i den vestvende skålforma. Herfrå følgjer ein oppturen til vegen att.

    • Når: April–juni
    • Farar: Skavlar i aust- og nordsida av topplatået.
    • Himmelretning: Vest
    • Lengde nedkøyring: 745 høgdemeter
    • Bratteste punkt: 36 grader i 20 høgdemeter (1880–1860 moh). Kor bratt denne passasjen er, varierer noko frå år til år etter vind og skavlar.
    • Tips: Her kan ein ofte bruke skålforma til å finne hengretninga med best snø.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    1.3 Opptur Sognefjellet via sørvestryggen

    Dette er ein flott variant av oppturen til Steindalsnosi som gjev ein meir variert og innhaldsrik tur. Frå Gjuvvatnet søraustover og inn på den sørvestre ryggen som leier til topp 1936 moh. Stadvis er det smalt og bratt. Det kan derfor vere behov for å bere skia på sekken. Når ryggen vidar seg ut, har du inngangen til sørsida og vestsida. Herfrå i slakt terreng vidare til toppunktet.

    • Lengd: 2–4 timar
    • Lengde nedkøyring: 745 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 38 grader i 40 meter (1580–1620 moh)
    • Farar: Store skavlar i aust- og nordsida av topplatået. Varden ligg òg heilt på kanten av nordsida. Sørvestsida kan vere hard om morgonen om våren, så skarejern eller stegjern kan vere greitt å ha med. Denne varianten eignar seg best som opptur.

    1.4 Ned sørsida via Steindalen og Helgedalen E1, GV

    Sørsida er ein fin variant å køyre når ein har soltint snø og ikkje er for seint ute. Å kombinere denne med vestsida av Fanaråken, gjev ein nydeleg rundtur. Slik får ein brukt sola og himmelretningar til sin fordel. Køyr vestover frå toppunktet, langs ryggen mot vesttoppen 1936. Når du er nede på 1900 moh og ryggen smalnar, står du ved inngangen til sørsida. Herfrå følgjer du lågaste punktet sørover til Steindøla og vidare på vestsida av denne ned i Helgedalsbotnen. Om det ligg snø ut Helgedalen, stakar du tilbake til Turtagrø ut Helgedalen. Tidleg på våren er det råd å køyre ei meir direkte linje sørvestover frå toppunktet, men her smeltar det fort fram mykje stein.

    • Når: Mars–midten av mai. (Før Sognefjellet opnar er det best å gå sørsida opp frå Helgedalen.) 
    • Farar: Steindøla opnar seg ein gong i mai. Ver difor forsiktig med å køyre i Steindøla.
    • Himmelretning: Sør
    • Lengde nedkøyring: 1025 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 32 grader jamt. Passasjar på 34–36 grader (1380–1260 moh langs Steindøla)
    • Tips: Om det er lite snø ut Helgedalen, ta på fellene og gå opp til demninga under Styggedalsbreen. Hald herfrå den store terrassen vestover og forbi det vesle vatnet på 1269 moh (sjå oversiktsbilete). Køyr herfrå og ned til Turtagrø via Skagastølsbotn. Dette blir ei svært fin avslutting.
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    1.5 Ned nordaustsida via Fannaråkbreen E1, GV

    Dette er ein flott variant om det har kome nysnø. Ofte er det skavl som gjer det problematisk å kome ut frå ryggen og toppen til nordaustsida. Skavlen gjer det òg vanskeleg å finne inngangen. Det er derfor lurt å gå same vegen opp, også i høve til parkering og bil. Somme gonger må ein klyve ned nordryggen om lag fem meter, eventuelt sleppe seg utfor. Skavlen er minst rett over nordryggen. Herfrå har du ei flott, stor side med moderat helling ned breen og tilbake via demninga og Sognefjellsvegen. Følg vestsida av Prestesteinsvatnet tilbake over demninga til parkeringa på Storfonni (sjå skildring 2.1).

    • Når: Mai–juli, oktober–november. (Kan vere den første skituren på hausten før Sognefjellet stengjer.)
    • Farar: Skavlar mot nord og aust. Ofte utsett på grunn av skavl i inngangen. Bre.
    • Himmelretning: Nordaust
    • Lengde nedkøyring: 625 høgdemeter
    • Brattaste punkt: 30 grader (Bratt første fem høgdemetrane ved inngangen til nordaustsida)
    • Tips: Nede ved enden av breen kan ein òg ta seg tilbake over breen via skaret mellom Steindalsnosi og Fannaråki, til Steindalen og Turtagrø. (Sjå skildring 2.3).
    • Vanskegrad: Ganske vanskeleg. 25 – 30 gradar vedvarande flankar, eller med korte parti over 30 gradar. Terrengformer og skog kan ha påverke grada. Liten sjanse for utgliding. Det er mindre bratt helling og ein vil ved normale tilhøve stoppe med ein gong etter eit fall. Det kan likevel vere farleg å falle. Ved spesielle tilhøve (glasert skare eller liknande) kan ei utgliding eller eit fall utgjere ein risiko.

    1.6 Ned nordsida E3, MV

    Dette er ein seriøs variant, som har same inngang som nordaustsida. Linja startar vest for nordryggen som skil nordaustsida frå nordsida. Fallinja har klipper i nedre del. Der breen sluttar, traverserer ein under brefronten vestover og ned. Vidare tilbake via demninga og Sognefjellsvegen. Gå mellom øvre Hervavatnet og Prestesteinsvatnet tilbake til parkeringa på Storfonni (sjå skildring av Fanaråken).

    • Når: Mai–juni
    • Farar: Skavlar mot nord og aust i inngangen. Bre, skred, klipper.
    • Himmelretning: Nord
    • Lengde nedkøyring: 625 høgdemeter
    • Brattaste punkt: Bratt i inngangen og 42–45 grader i 120 høgdemeter (1620–1500 moh)
    • Tips: Siste henget har somme år mykje framsmelta klipper. 
    • Vanskegrad: Svært vanskeleg (Meget vanskeleg). 40 – 45 gradar flankar, vedvarande eller med korte parti på 45 – 50 gradar. Krev god eller spesialisert teknikk. Grunna hellinga er det truleg at hamrar/klipper påverkar grada. Smale parti og/eller bre påverkar kanskje grada. Utgliding er konsekvensen av å falle. Terrenget har bratte parti kor fall eller utgliding mest truleg vil føre til ein lang rutsjetur med alvorlige skadar. For å stå på ski i slikt terreng krevst det at ein meistrar gjeldande brattleik med god margin på dei fleste underlag. Oppturen vil som regel tyde bruk av stegjarn og isøks.
    Oversiktskart over Hurrungane. Frå Toppturar i Sogn.
    Ned sydsida av Steindalsnosi i juni. Foto: Andreas Haslestad. / Toppturar i Sogn.
    Logg inn
    Bestill abonnement og få tilgang til hele Fri Flyts digitale univers.

    Digitalt abonnement 6 måneder

    Tilgang til Fri Flyts blader og nettsider digitalt

    Alternative text
    Kr 399,-

    Fri Flyt og boka Trygge Toppturer

    To utgaver levert hjem, full digital tilgang og bestselgerboka Trygge toppturer. Spar 40%.

    Alternative text
    Kr 399,-
    Kr 648,-

    Fri Flyt-abonnement

    8 utgaver levert hjem, pluss alt Fri Flyts digitale innhold i et år

    Alternative text
    Kr 699,-
    Kontakt oss. Vi svarer raskt på mail.
    Fri Flyt utgis av Fri Flyt AS | Postboks 4767 Nydalen, 0421 Oslo | Tlf: 22 04 46 00
    Ansvarlig redaktør: Erlend Sande | Redaktør: Henning Reinton | Nettredaktør: Tore Meirik
    Salg og marked: Salgssjef Fri Flyt AS: Alexander Hagen | Salgskonsulent: Magnus Utkilen | Prosjektleder: Lisa Kvålshaugen Bjærum
    Daglig leder: Audun Holmøy Røhrt | Nettsiden er utviklet av Fri Flyt Byrå